Me begynte dagen med 2 tima
på skulen først, og deretter bevegde me oss nedover til der kanoane var. Me kom
oss kort etter ut på vatnet, og padla i veg litt her og der, berre for å øve
oss før sjølve turen. Så venta me ei god stund før læraren kom, og deretter
padla me ut mot Storeøyna i Barsnesfjorden. Da va fint ver heile dagen, men so
fort me kom oss ut i vatnet og skulle padle utover, kom regnet. Heldigvis var det berre litt småregn… Etter
ein liten padletur kom me oss ut til øya, og me la kanoane på plass. Så begynte
me å leite etter ein plass å sette lavvoane, og etter ein liten runde, fann me
ein kjempefin plass! Øya var forresten kjemefin, og hadde til og med ei lita
fotballbane! :D Lavvoane fekk me opp rett før regnet blei verre. Så åt me GOD
mat (taco), og seinare sette me opp presenning ute, og laga bål. Der var me
resten av kvelden, og koste oss med diverse leikar. Dagen etter sto me opp, og
leikte ”gi eit lite vink” før me pakka saman og starta på heimturen.
På denne turen gjekk nesten
alt som smurt! Me kom oss litt seint i gang med sjølve turen, men utstyr, mat,
kle og soveplass var vellykka. Eg kan ikkje komme på nåke som gjekk dårleg.. !
Måla for denne turen var:
-
Planlegge,
gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivstradisjon.
- Behandle og
vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden.
- Vurdere betydningen av
hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv.
- Gjøre rede for og
praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i
utmark.
- Vise kjennskap til den
naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen
er overordnet.
- Forklare de mest
alminnelige varsler naturen gir oss.
-
HA DA KJEKT! <3
HA DA KJEKT! <3
Eg tykte me nådde måla!
Me hadde ikkje nåken
bestemte grupper denne gongen, unntatt matgruppa – som fungerte som den skulle.
Elles delte me oss opp i to (slik me skulle sove), og me koste oss masse i både
lavvoen og ute med heile gruppa i lag.
Denne gongen kunne eg ha
hatt med meg ein litt varmare sovepose, men det var ikkje krise. Elles tykte eg
at alt gjekk greitt. I tillegg gløymde eg sitteunderlag, nåke eg skulle ønskt
eg hadde med.
Eg lærte litt om sikkerhet
ved bruk av kanoar, og korleis ein bør padle i litt uroleg vatn (på heimvegen
var det litt bølger). Eg lærte og ein ny leik, som var veldig kjekk. Og eg
lærte korleis ein skal slå opp ein lavvo. Lavvoen hadde forresten ikkje pinnar
til å feste tråane, så det måtte me spikke.
Dette var ein kjempekjekk
tur, og ein veldig fin avslutning med friluftslivklassen!
Så bra at du hadde ein fin avslutning med 2fri-ST-gjengen! Takk for eit fint år.
SvarSlett