tirsdag 22. mai 2012

Siste tur!


Me begynte dagen med 2 tima på skulen først, og deretter bevegde me oss nedover til der kanoane var. Me kom oss kort etter ut på vatnet, og padla i veg litt her og der, berre for å øve oss før sjølve turen. Så venta me ei god stund før læraren kom, og deretter padla me ut mot Storeøyna i Barsnesfjorden. Da va fint ver heile dagen, men so fort me kom oss ut i vatnet og skulle padle utover, kom regnet. Heldigvis var det berre litt småregn… Etter ein liten padletur kom me oss ut til øya, og me la kanoane på plass. Så begynte me å leite etter ein plass å sette lavvoane, og etter ein liten runde, fann me ein kjempefin plass! Øya var forresten kjemefin, og hadde til og med ei lita fotballbane! :D Lavvoane fekk me opp rett før regnet blei verre. Så åt me GOD mat (taco), og seinare sette me opp presenning ute, og laga bål. Der var me resten av kvelden, og koste oss med diverse leikar. Dagen etter sto me opp, og leikte ”gi eit lite vink” før me pakka saman og starta på heimturen.

På denne turen gjekk nesten alt som smurt! Me kom oss litt seint i gang med sjølve turen, men utstyr, mat, kle og soveplass var vellykka. Eg kan ikkje komme på nåke som gjekk dårleg.. !

Måla for denne turen var:
-       Planlegge, gjennomføre og vurdere turar knytta til lokal friluftslivstradisjon.
-       Planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over flere dager i vannmiljø.
-       Behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden.
-       Vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv.
-       Gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark.
-       Vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet.
-       Forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss.
-      

HA DA KJEKT! <3
Eg tykte me nådde måla!


Me hadde ikkje nåken bestemte grupper denne gongen, unntatt matgruppa – som fungerte som den skulle. Elles delte me oss opp i to (slik me skulle sove), og me koste oss masse i både lavvoen og ute med heile gruppa i lag.

Denne gongen kunne eg ha hatt med meg ein litt varmare sovepose, men det var ikkje krise. Elles tykte eg at alt gjekk greitt. I tillegg gløymde eg sitteunderlag, nåke eg skulle ønskt eg hadde med.

Eg lærte litt om sikkerhet ved bruk av kanoar, og korleis ein bør padle i litt uroleg vatn (på heimvegen var det litt bølger). Eg lærte og ein ny leik, som var veldig kjekk. Og eg lærte korleis ein skal slå opp ein lavvo. Lavvoen hadde forresten ikkje pinnar til å feste tråane, så det måtte me spikke.

Dette var ein kjempekjekk tur, og ein veldig fin avslutning med friluftslivklassen! 

mandag 26. mars 2012

Snøholetur!

Me møttes på skulen som vanleg og delte ut fellesutstyr. Så reiste me til Hodlekve, og blei litt sjokkerte då me fekk vita at me skulle gå opp bakkane, i stedet for å ta trekket.. jaja… Me kom opp til slutt, og tok oss ein liten pause med litt mat før me begynte å grava. Me va forresten nesten rett attmed toppen av trekket. Eg va på gruppe med Therese og Synnøve. Me skulle egentle vere 5 stk på gruppa, men dei var sjuke. Me begynte berre å grava utan å vite kor mykje me skulle grave. Etter ganske mange tima begynte me å sjå enden på gravinga, men me måtte fortsette i nåken tima til for å få det bra. Etter ca 6 timar (trur eg) var me ganske leie, og sa at snøhola såg ganske bra ut! På kvelden koste me oss med å sjå på dei som kom i trekket, og spelte kort i ei av snøholene der me fekk plass til 10 stk! Så gjekk me på do før me la oss, og eg sov greitt. Fraus ikkje så mykje, eg hadde med meg bra med klede. Dagen etter hadde me noken timar med skredkurs før me reiste ned att.

Eg hadde med meg god mat (hamburgar), og gode klede! Snøhola vart grei – god nok! Me slapp heldigvis å vakne med taket 2 cm frå ansiktet…

Me kunne vore litt meir effektive med gravinga, men det gjekk jo bra til slutt. I tillegg tykte eg turen opp var litt seig, når eg i tillegg sklei pga fellane.

Måla for denne turen var:
•      planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•      planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over flere dager i vinterfjellet
•      behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
•      vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
•      vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
•      forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
•      Ha det kjekt! :D

Eg tykte me nådde måla!

Gruppa fungerte bra! Me var som sagt 3 av 5, så gravinga gjekk litt treigt, men me hadde da kjekt!





På denne turen lærte eg masse om skredfare, og korleis ein skal leite etter folk som har blitt tekne av snøskred! Eg lærte og sjølvsagt korleis ein skal grava ein bra snøhola, og korleis ein ikkje skal grave snøhole.. 




Takk til Maja for lånet av bilder!  

torsdag 1. mars 2012

Tur opp mot Kambafjellet

Me møttes som vanleg utanfor nybygget litt over 8, etter at me hadde fått utdelt fellesutsyr. Derifrå tok me buss til Hodlekve, og vidare tok me trekket opp til toppen. Der var det på med fellar før me begynte å gå. Me gjekk opp mot Kambafjellet, men eg trur ikkje me kom så langt. Det var veldig dårleg sikt, så me såg berre pinnar me skulle gå opp mot. Men  etter ei lita stund bestemde Torgeir og Leif Olav (som var dei vaksne) at me skulle begynne å sigle ned att. Eg grudde meg veldig til dette, i og med at det gjekk så dårleg førre gang. Men derfor hadde eg også på meg andre ski, nokre som skulle bli litt enklare å sigle med ned att. Det var dei, og alt gjekk strålande på vegen ned. Det var til og med litt kjekt! Veret begynte også å klarne opp no, så me satt oss ned, og begynte å lage mat. Mat var også fokuset denne gongen, så alle hadde baka og tørka mat til å lage. Det var ein suksess hos alle, trur eg. No vart også veret kjempefint, og gutane bestemde seg for å laga hopp. Då blei det mange kule bilder! Så sigla me nedatt, og det var ikkje lange vegen sidan me hadde ete nesten rett oppom trekket. Vidare sigla me ned slalombakkane, og heilt ned til busstoppet.




Eg tykte eigentleg alt gjekk ganske bra! Eg hadde med meg gode klede, fraus ikkje, men heller ikkje for varm. Veret vart kjempefint etter kvart, maten var god, og eg datt ikkje på skia eg hadde denne gongen.

Måla for denne turen var:
•       planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•       vurdere betydningen av et godt kosthold ut fra praktiske og ernæringsmessige forhold
•       behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
•       vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
•       gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
•       vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
•       forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
•       Ha da kjekt !
Eg tykte me nådde alle måla!

Gruppa fungerte bra, som alltid. Me hadde det kjekt, og det var god stemning J

Eg kunne kanskje hatt med meg anna mat. Eg hadde med meg slike posar med tørka mat frå militæret, men var ikkje svolten nok til å begynne på det. Men eg åt det eg hadde bakt, som var kjempegodt!

Eg lærte at tørka mat er mykje lettare å bere enn vanleg mat, og at det er enkelt å bake mat med mykje energi, som til og med kan vere godt! Også lærte eg at slike ski eg hadde denne gongen fungerte mykje betre på ein slik tur enn dei eg hadde førre gang.

Maten eg laga denne gongen heitte ”Energikjeks” som eg fann oppskrift på på nettet. Her er link, det var kjempegodt: http://www.vakrekaker.com/blog/2011/11/15/Energikjeks.aspx
Så tørka eg også eple (kjempegodt!), pære (ikkje så godt) og gulrøter og kålrot til å ha i maten eg skulle lage. Eple var det einaste som vart ete.

Tusen takk til Ragnhild Holden som tok så kule bilder!

Ein kjempefin tur! 

torsdag 26. januar 2012

Svartholten


Me møttes som vanleg utanfor nybygget kl 9. Så tok me buss innover Sogndalsdalen, inn til Gunvordalen. Der tok me på oss ski og alt utstyret, og begynte å gå oppover. Eg hadde på meg heilt nye fellar, så eg kunne nesten gå rett oppover utan å skli. Då vart eg veldig glad, for eg har ikkje berre gode skierfaringar. Så stoppa me rundt mattider for å eta. Dag laga ein kjempefin plass å sitta. Der åt me pølse og drakk kakao, nåke som var veldig godt! Så gjekk me vidare, og me nærma oss toppen- Svartholten. Med ein gang me nådde målet, var det av med fellar og på med briller. Så skulle me sigla ned att… Etter ca 10 meter låg dei fleste strødd utover bakkane md beina i veret, og det same gjorde eg. Resten av nedoverturen gjekk med på å detta ca kvar 3. meter. Da va litt slitsomt, men me klarte heldigvis å holda på humøret, slik at me kom oss ned til slutt. Me fekk og veldig god hjelp på Torgeir og Steinar som var dei vaksne med på turen. Sidan mi datt så mykje, kom me seint ned, og mista bussen, men alt gjekk fint, og me kom oss levande heim til slutt.

Oppoverturen gjekk bra! Ingenting å klaga på der. Eg må nok takka dei nye fellane mine. Me hadde og med veldig god mat, og eg hadde nok med klede for heile turen J

Nedoverturen gjekk mindre bra… Det hadde kanskje vore lettare på telemark eller Randonne-ski. 

Måla for denne turen var:
•       planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•       behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
•       vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
•       vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
•       forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
Ha da kjekt!
Me gjennomførte turen, tok vare på utstyret, eg kledde meg bra, og me tok bra hensyn til naturen. I tillegg lærte me korleis me skulle sjå på laga i snøen om det var rasfare, i og med at den generelle rasfaren på Vestlandet var ganske høg. Det må seiast at Torgeir valde ei HEILT TRYGG løype, så me var trygge. Og sjølvsagt hadde me da kjekt! (Sjølv om det var slitsomt på vegen ned att til tider)

Gruppa fungerte bra, me gjekk ikkje så samla som me har gjort før. Likevel hjalp me kvarandre når nødvendig, og tok hensyn til kvarandre.

Eg kunne hatt på meg andre ski til å sigla ned att med, men då hadde kanskje oppoverturen blitt tyngre.

Eg lærte å sjå etter i snøen kor stor rasfaren er i det området. Eg lærte også at det å sigle i laussnø ikkje er det enklaste som finst. Og god mat og ikkje minst godt humør er VELDIG viktig..! 

.. hadde dessverre ingen bilder denne gangen