torsdag 1. mars 2012

Tur opp mot Kambafjellet

Me møttes som vanleg utanfor nybygget litt over 8, etter at me hadde fått utdelt fellesutsyr. Derifrå tok me buss til Hodlekve, og vidare tok me trekket opp til toppen. Der var det på med fellar før me begynte å gå. Me gjekk opp mot Kambafjellet, men eg trur ikkje me kom så langt. Det var veldig dårleg sikt, så me såg berre pinnar me skulle gå opp mot. Men  etter ei lita stund bestemde Torgeir og Leif Olav (som var dei vaksne) at me skulle begynne å sigle ned att. Eg grudde meg veldig til dette, i og med at det gjekk så dårleg førre gang. Men derfor hadde eg også på meg andre ski, nokre som skulle bli litt enklare å sigle med ned att. Det var dei, og alt gjekk strålande på vegen ned. Det var til og med litt kjekt! Veret begynte også å klarne opp no, så me satt oss ned, og begynte å lage mat. Mat var også fokuset denne gongen, så alle hadde baka og tørka mat til å lage. Det var ein suksess hos alle, trur eg. No vart også veret kjempefint, og gutane bestemde seg for å laga hopp. Då blei det mange kule bilder! Så sigla me nedatt, og det var ikkje lange vegen sidan me hadde ete nesten rett oppom trekket. Vidare sigla me ned slalombakkane, og heilt ned til busstoppet.




Eg tykte eigentleg alt gjekk ganske bra! Eg hadde med meg gode klede, fraus ikkje, men heller ikkje for varm. Veret vart kjempefint etter kvart, maten var god, og eg datt ikkje på skia eg hadde denne gongen.

Måla for denne turen var:
       planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
       vurdere betydningen av et godt kosthold ut fra praktiske og ernæringsmessige forhold
       behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
       vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
       gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
       vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
       forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
       Ha da kjekt !
Eg tykte me nådde alle måla!

Gruppa fungerte bra, som alltid. Me hadde det kjekt, og det var god stemning J

Eg kunne kanskje hatt med meg anna mat. Eg hadde med meg slike posar med tørka mat frå militæret, men var ikkje svolten nok til å begynne på det. Men eg åt det eg hadde bakt, som var kjempegodt!

Eg lærte at tørka mat er mykje lettare å bere enn vanleg mat, og at det er enkelt å bake mat med mykje energi, som til og med kan vere godt! Også lærte eg at slike ski eg hadde denne gongen fungerte mykje betre på ein slik tur enn dei eg hadde førre gang.

Maten eg laga denne gongen heitte ”Energikjeks” som eg fann oppskrift på på nettet. Her er link, det var kjempegodt: http://www.vakrekaker.com/blog/2011/11/15/Energikjeks.aspx
Så tørka eg også eple (kjempegodt!), pære (ikkje så godt) og gulrøter og kålrot til å ha i maten eg skulle lage. Eple var det einaste som vart ete.

Tusen takk til Ragnhild Holden som tok så kule bilder!

Ein kjempefin tur! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar