onsdag 28. september 2011

Tur til Storavatnet


Denne gongen var vi på tur med idrettsklassen. Vi starta med eit lite oppmøte om måroen, og då fann vi ut at kunn 8 av 15 frå allmenn skulle vere med på turen. Derfor måtte me lage nye grupper, der 2 frå allmenn måtte vere på gruppe med 4 frå idrett. Så tok vi buss til Kaupanger, og starta å gå. Vi hadde blitt advart om at turen opp kunne bi tung i og med at det var 800 høgdemeter. Men turen var ikkje så tung som forventa, og vi kom oss opp på 3-4 timar, inkludert pausar. Då vi kom opp, måtte dei frå allmenn instruere idrett i å lage gapahuk, og idrett måtte instruere oss i å lage bål. Dette tok ca heile dagen, men vi fekk tid på kvelden til kos rundt bålet. Vi grilla og kosa oss, og leikte nåken leikar i mørket. Sidan Torgeir nettopp hadde fortalt ei historie om ein mann som dreiv å vandra i området, valde eg å ikkje vere med på desse leikane som føregjekk i mørket utan hovelykter. Dagen etter stor vi opp ganske tidleg, pakka ned og åt frukost. Deretter gjekk allmenn heim, men idrett fortsatte vidare, for å sove ute ei natt til.

Eg tykte turen gjekk ganske bra. Gapahuken fungerte bra, og vi vart ikkje blaute sjølv om det vart kaldt om natta. Maten var og god, og vi koste oss.

Det som var mindre bra var at eg hadde tatt med feil mat, og klarte derfor ikkje å ete så mykje frukost. Det var også veldig kaldt på føttene om natta, så eg sov ganske dårleg. På vegen ned att vart eg også dårleg, som øydela litt for meg. Då orka eg ikkje å delta i så mykje; blant anna førstehjelp og å finne vegen heim med hjelp av kart og kompass.
Måla for denne turen var:
•       Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•       Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
•       Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
•       Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
•       Lage mat på Bål
•       Overnatte i gapahuk
•       Lære førstehjelp i fjellet 




Sjølve turen gjekk veldig bra, og for min del hadde eg med akkurat nok klede, sjølv om det vart kaldt på føttene om natta. Å lage mat på bål var ikkje noko problem, sjølv om det tok litt tid før deigen på pølsa (pinnebrød) var gjennomsteikt. Gapahuken var heilt grei, sjølv om me blei liggande i ein liten nedoverbakke. Vi skulle jo instruere idrett i dette, men eg tykte dei var flinke å ta ansvar sjølve, så vi trengde eigentleg ikkje å instruere så masse. Førtehjelpskurs hadde vi også på vegen ned. Sjølv om eg ikkje deltok så veldig mykje på det, så lærte eg masse.

Gruppa fungerte bra, tykte eg. Det var nokre endringar i og med at vi var så få. Elles klarte vi å bygge ein gapahuk, og alle bidrog med å finne ved til bålet.

Denne gongen ville eg hatt med meg anna mat til frukost og som niste. Sidan eg ikkje fekk i meg så mykje niste første dagen på vegen opp, vart eg veldig sliten heilt på slutten av turen. Kanskje eg også ville vore meir kreativ med middagen? Vi hadde pølse, og idrett hadde laks med grønsaker ++ Pølse gjekk fint, og var enkelt å tilberede, men laksen såg også veldig god ut J

Denne turen lærte eg korleis vi skal lage gapahuk; kvar den bør plasserast, korleis vi skal få vegg, og korleis den skal stå i forhold til vind. Eg lærte førtehjelp, og korleis ein skal lage bål som skal vare lenge.

Denne turen var veldig kjekk, og sidan veret var betre var også humøret litt betre, og det var lettare å lage gapahuk. Idrettsklassen var kjempegrei å vere med!

lørdag 17. september 2011

Turen til Fjærlandssete




Eg var på tur frå 7. til 8. september med friluftslivklassen + læraren Torgeir. Først møtte vi  på skulen og fekk utdelt utstyr. Gruppa delte på å bere telt, stormkjøkken og kart og kompass. Deretter blei vi køyrde til Øvstedalen, der vi starta med litt informasjon, og opplæring i bruk av kart og kompass. Gruppene måtte også bytte på å gå fremst, slik at vi kunne få nytte kartkunnskapane, og velje veg.  Me starta med to kjempetunge bakkar som fekk meg til å revurdere valet om friluftsliv, men det kjendest godt når me endeleg kom opp. Halvveges tok me ein liten pause for å eta på Furusete. Etter ca ein time att med gåing kom me fram til Fjærlandssete, tre minutt over tidsskjemaet. Då me kom fram var veret endå verre enn då me gjekk. Det var regn, vind og kaldt, men det gjekk likevel fint å slå opp teltet. Resten av dagen besto av fisking (ingen fekk fisk), eting, soving og veldig interessante gåter. Dagen etter stod me opp i 9-tida, slo ned telt og pakka saman sakene. Så gjekk me heimatt, med ein stopp på vegen der me fiska, og Torgeir, læraren fekk ein fisk. Då fekk vi i tillegg sett korleis ein sløyer fisk. Denne dagen var veret betre; litt sol, men stort sett overskya.

Eg tykte turen gjekk veldig bra. Ingen var sure, alt utstyr fungerte. Eg hadde med meg nok og god mat. Det var kaldt, men eg hadde med nok klede slik at eg slapp å fryse. Maten me hadde var god, og alle hadde med det dei skulle. Eg hadde ikkje gløymt noko viktig, så stort sett gjekk alt veldig bra.  

Ein ting eg kunne ha teke med meir av var vatn. Eg hadde med ei vanleg drikkeflaske, det var for lite, men det var vatn i nærleiken, så det var ikkje krise.
Måla for turen:                                                                     
Turmål:

1.    Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
2.    Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
3.    Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
4.    Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur
5.    Ha da kjekt!

Eg tykte me nådde måla! Me hadde det kjempekjekt, som nok er det aller viktigaste. Vi planla godt, og tok omsyn til naturen me var i. Me lærte å bruke utstyret me hadde med, og eg fornøgd med korleis klede eg hadde på og med meg, så eg slapp å fryse.

Gruppa fungerte kjempebra! Eg var på gruppe med Maja, Kristian og Karoline, og alle hadde med det dei skulle, og ingen protesterte på å bære fellesutstyr. Me samarbeidde godt med å slå opp telt, og alle tok omsyn til kvarandre når me for eksempel ville bytte klede. Me delte mat og spelte kort og alt var flott. Maten vår fekk ein gjennomsnittskarakter på 7-8.
Dersom eg skulle gjort noko annleis, ville eg hatt med meg meir vatn, ein pose for skitne klede, og meir godteri. Liggeunderlaget var så vanskeleg å pakke ned, at neste gong tek eg med eit som ikkje skal ha luft inni. Eg ville også ha hugsa på å ta med fyrstikker i staden for banan (den vart knust i sekken sjølv om den låg øvst). 

Eg lærte korleis ein bruker stormkjøkken, kva klede ein bør ha på seg medan ein går og kor mykje mat som eigentleg er nødvendig. Eg lærte også at når ein skal pakke skal det tyngste vere nærmast ryggen, kortsida på teltet skal stå mot vinden og korleis ein må tilpasse kleda etter veret, i tillegg til litt finpussing på kart – og kompasskunnskapane.

Alt i alt ein kjempekjekk tur, og eg gleder meg til neste! 
 ”Da e no da skjer”