lørdag 17. september 2011

Turen til Fjærlandssete




Eg var på tur frå 7. til 8. september med friluftslivklassen + læraren Torgeir. Først møtte vi  på skulen og fekk utdelt utstyr. Gruppa delte på å bere telt, stormkjøkken og kart og kompass. Deretter blei vi køyrde til Øvstedalen, der vi starta med litt informasjon, og opplæring i bruk av kart og kompass. Gruppene måtte også bytte på å gå fremst, slik at vi kunne få nytte kartkunnskapane, og velje veg.  Me starta med to kjempetunge bakkar som fekk meg til å revurdere valet om friluftsliv, men det kjendest godt når me endeleg kom opp. Halvveges tok me ein liten pause for å eta på Furusete. Etter ca ein time att med gåing kom me fram til Fjærlandssete, tre minutt over tidsskjemaet. Då me kom fram var veret endå verre enn då me gjekk. Det var regn, vind og kaldt, men det gjekk likevel fint å slå opp teltet. Resten av dagen besto av fisking (ingen fekk fisk), eting, soving og veldig interessante gåter. Dagen etter stod me opp i 9-tida, slo ned telt og pakka saman sakene. Så gjekk me heimatt, med ein stopp på vegen der me fiska, og Torgeir, læraren fekk ein fisk. Då fekk vi i tillegg sett korleis ein sløyer fisk. Denne dagen var veret betre; litt sol, men stort sett overskya.

Eg tykte turen gjekk veldig bra. Ingen var sure, alt utstyr fungerte. Eg hadde med meg nok og god mat. Det var kaldt, men eg hadde med nok klede slik at eg slapp å fryse. Maten me hadde var god, og alle hadde med det dei skulle. Eg hadde ikkje gløymt noko viktig, så stort sett gjekk alt veldig bra.  

Ein ting eg kunne ha teke med meir av var vatn. Eg hadde med ei vanleg drikkeflaske, det var for lite, men det var vatn i nærleiken, så det var ikkje krise.
Måla for turen:                                                                     
Turmål:

1.    Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
2.    Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
3.    Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
4.    Få meir erfaring med korleis ein planlegg ein tur
5.    Ha da kjekt!

Eg tykte me nådde måla! Me hadde det kjempekjekt, som nok er det aller viktigaste. Vi planla godt, og tok omsyn til naturen me var i. Me lærte å bruke utstyret me hadde med, og eg fornøgd med korleis klede eg hadde på og med meg, så eg slapp å fryse.

Gruppa fungerte kjempebra! Eg var på gruppe med Maja, Kristian og Karoline, og alle hadde med det dei skulle, og ingen protesterte på å bære fellesutstyr. Me samarbeidde godt med å slå opp telt, og alle tok omsyn til kvarandre når me for eksempel ville bytte klede. Me delte mat og spelte kort og alt var flott. Maten vår fekk ein gjennomsnittskarakter på 7-8.
Dersom eg skulle gjort noko annleis, ville eg hatt med meg meir vatn, ein pose for skitne klede, og meir godteri. Liggeunderlaget var så vanskeleg å pakke ned, at neste gong tek eg med eit som ikkje skal ha luft inni. Eg ville også ha hugsa på å ta med fyrstikker i staden for banan (den vart knust i sekken sjølv om den låg øvst). 

Eg lærte korleis ein bruker stormkjøkken, kva klede ein bør ha på seg medan ein går og kor mykje mat som eigentleg er nødvendig. Eg lærte også at når ein skal pakke skal det tyngste vere nærmast ryggen, kortsida på teltet skal stå mot vinden og korleis ein må tilpasse kleda etter veret, i tillegg til litt finpussing på kart – og kompasskunnskapane.

Alt i alt ein kjempekjekk tur, og eg gleder meg til neste! 
 ”Da e no da skjer”

1 kommentar:

  1. Eg er glad du ikkje har gjort alvor av å revurdere valet om friluftsliv:) Bra ting fungerte godt på turen, og at du har fått erfaringar du vil nytte neste tur.

    SvarSlett