Vi møttest utanfor nyebygget kl 9. Så tok vi minibuss opp til Fretland og starta turen derifrå. Allereie hadde det begynt å hagle, men stemninga var likevel god. Så fortsatte turen opp til ein støl der vi tok første pause, og eg fekk i meg litt mat. No ville Berit tydlegvis vere med på tur, og ho var med på å gjere turen litt sur. Det var nærmast snøstorm, og det var vanskeleg å sjå, men vi fortsatte likevel opp mot Nuken. Veret var vekslande heile vegen, frå snøstorm til sol, men vi
var alltid i godt humør. Når vi hadde kome eit lite stykke, ville vi ete. No vart det veldig kaldt sidan vi ikkje rørte på oss, men Maja, Ragnhild og eg fann oss ei hule i fjellveggen me kunne sitte i. Det hjalp egentleg ikkje så veldig mykje, sidan vinden kom frå alle kantar. Så måtte eg finne fram ketchup og pølsebrød, og då måtte eg ta av meg hanskane. Ketchupen ”eksploderte” pga trykk – på meg, og eg mista i tillegg heilt følelsen i fingrane. Vi fekk ete gode og varme pølser, men så fann vi ut at det var smart å begynne å gå. Torgeir hadde funne ut at det var best me snudde, for det var så dårleg sikt. Me støtte på litt problem på vegen ned att, sidan ikkje alle hadde hatt med seg gode nok klede for å verne seg mot Berit. Likevel takla me situasjonen bra, og stemninga i gruppa var framleis like god! Me måtte og stoppa for å leika litt leikar, lage snømenn og snøenglar. Veret var like dårleg på vegen nedatt, og me måtte sjå rett ned i stien for å ikkje blendast av snøen. Sidan me snudde, kom me ned litt før planlagd, og måtte vente ei lita stund på buss. Det var godt å kome heim etterpå…, men det var likevel ein veldig kjekk tur, tykte eg!
Det som gjekk bra (for min del) var val av klede. Eg hadde teke med akkurat nok til å ikkje fryse (unntatt då eg fraus på hendene). Eg hadde god mat denne gongen, noko eg lærde av førre gang.
Det som gjekk mindre bra var utfordringa me støtte på på vegen nedatt. Likevel tykte eg det kom mykje bra ut av situasjonen, så me lærde masse. Elles tykte eg egentleg at alt gjekk bra!
Måla for denne turen var:
• Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
• Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
• Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
Dei fleste hadde med gode nok klede, slik at det ikkje vart ei begrensing. Eg trur alle lærte kor viktig det var med gode nok klede, då ei i gruppa hadde på seg for kalde klede. Det kan diskuterast om vi gjennomførte turen. Sjølv om vi snudde, gjennomførte vi turen bra. Det var nok lurt at vi snudde. Me hadde det og veldig kjekt, tykkjer eg!
Gruppa fungerte veldig bra, det var god stemning heile vegen!
Det einaste eg kjem på eg kunne gjort anleis var å ha med meg noko varmt å drikka, så eg kunne varma med litt på fingrane mens me åt. Då kunne eg og sjølsagt hatt med meg betre vottar/hanskar. Elles tykte eg degt gjekk veldig fint.
Denne turen fekk me nye erfaringar. Me lærte kor fort veret kan skifte, og derfor kor viktig det er å ha med rett utstyr slik at det ikkje blir for kaldt/varmt. Det er også lurt å ha med ekstra skifte, både til deg sjølv og til andre. God mat er viktig for å ikkje slite seg heilt ut, og kanskje noko varmt å drikke, slik at ein får varme i kroppen. I tillegg lærte eg kor fort det blir kaldt når ein sit i ro, så då er det smart å ha med seg ekstra (hadde med boblejakke, men brukte den ikkje…) Så lærte eg også , at dersom ein har godt humør, så kan ein utfordrande tur bli veldig morsom, og ein god opplevelse!

- Låner bilder av Maja, som var så snill å dele sine bilder med oss :)
Artigt innlegg, med masse flotte bilder.
SvarSlettBra du koste deg på tur og at de ordna seg me Ketchupen!!! Virka som du lærte masse og at du hadde ein kjekk tur!
SvarSlettfine bilderr! :D
SvarSlettbrabrabra
dette var ein fin blogg Brita, me har ikkje noko aa seie! forsett slik !
SvarSlett