mandag 26. mars 2012

Snøholetur!

Me møttes på skulen som vanleg og delte ut fellesutstyr. Så reiste me til Hodlekve, og blei litt sjokkerte då me fekk vita at me skulle gå opp bakkane, i stedet for å ta trekket.. jaja… Me kom opp til slutt, og tok oss ein liten pause med litt mat før me begynte å grava. Me va forresten nesten rett attmed toppen av trekket. Eg va på gruppe med Therese og Synnøve. Me skulle egentle vere 5 stk på gruppa, men dei var sjuke. Me begynte berre å grava utan å vite kor mykje me skulle grave. Etter ganske mange tima begynte me å sjå enden på gravinga, men me måtte fortsette i nåken tima til for å få det bra. Etter ca 6 timar (trur eg) var me ganske leie, og sa at snøhola såg ganske bra ut! På kvelden koste me oss med å sjå på dei som kom i trekket, og spelte kort i ei av snøholene der me fekk plass til 10 stk! Så gjekk me på do før me la oss, og eg sov greitt. Fraus ikkje så mykje, eg hadde med meg bra med klede. Dagen etter hadde me noken timar med skredkurs før me reiste ned att.

Eg hadde med meg god mat (hamburgar), og gode klede! Snøhola vart grei – god nok! Me slapp heldigvis å vakne med taket 2 cm frå ansiktet…

Me kunne vore litt meir effektive med gravinga, men det gjekk jo bra til slutt. I tillegg tykte eg turen opp var litt seig, når eg i tillegg sklei pga fellane.

Måla for denne turen var:
•      planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•      planlegge, gjennomføre og vurdere tur med overnatting ute over flere dager i vinterfjellet
•      behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
•      vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
•      vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
•      forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
•      Ha det kjekt! :D

Eg tykte me nådde måla!

Gruppa fungerte bra! Me var som sagt 3 av 5, så gravinga gjekk litt treigt, men me hadde da kjekt!





På denne turen lærte eg masse om skredfare, og korleis ein skal leite etter folk som har blitt tekne av snøskred! Eg lærte og sjølvsagt korleis ein skal grava ein bra snøhola, og korleis ein ikkje skal grave snøhole.. 




Takk til Maja for lånet av bilder!  

torsdag 1. mars 2012

Tur opp mot Kambafjellet

Me møttes som vanleg utanfor nybygget litt over 8, etter at me hadde fått utdelt fellesutsyr. Derifrå tok me buss til Hodlekve, og vidare tok me trekket opp til toppen. Der var det på med fellar før me begynte å gå. Me gjekk opp mot Kambafjellet, men eg trur ikkje me kom så langt. Det var veldig dårleg sikt, så me såg berre pinnar me skulle gå opp mot. Men  etter ei lita stund bestemde Torgeir og Leif Olav (som var dei vaksne) at me skulle begynne å sigle ned att. Eg grudde meg veldig til dette, i og med at det gjekk så dårleg førre gang. Men derfor hadde eg også på meg andre ski, nokre som skulle bli litt enklare å sigle med ned att. Det var dei, og alt gjekk strålande på vegen ned. Det var til og med litt kjekt! Veret begynte også å klarne opp no, så me satt oss ned, og begynte å lage mat. Mat var også fokuset denne gongen, så alle hadde baka og tørka mat til å lage. Det var ein suksess hos alle, trur eg. No vart også veret kjempefint, og gutane bestemde seg for å laga hopp. Då blei det mange kule bilder! Så sigla me nedatt, og det var ikkje lange vegen sidan me hadde ete nesten rett oppom trekket. Vidare sigla me ned slalombakkane, og heilt ned til busstoppet.




Eg tykte eigentleg alt gjekk ganske bra! Eg hadde med meg gode klede, fraus ikkje, men heller ikkje for varm. Veret vart kjempefint etter kvart, maten var god, og eg datt ikkje på skia eg hadde denne gongen.

Måla for denne turen var:
•       planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•       vurdere betydningen av et godt kosthold ut fra praktiske og ernæringsmessige forhold
•       behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
•       vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
•       gjøre rede for og praktisere de bestemmelsene som gjelder for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark
•       vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
•       forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
•       Ha da kjekt !
Eg tykte me nådde alle måla!

Gruppa fungerte bra, som alltid. Me hadde det kjekt, og det var god stemning J

Eg kunne kanskje hatt med meg anna mat. Eg hadde med meg slike posar med tørka mat frå militæret, men var ikkje svolten nok til å begynne på det. Men eg åt det eg hadde bakt, som var kjempegodt!

Eg lærte at tørka mat er mykje lettare å bere enn vanleg mat, og at det er enkelt å bake mat med mykje energi, som til og med kan vere godt! Også lærte eg at slike ski eg hadde denne gongen fungerte mykje betre på ein slik tur enn dei eg hadde førre gang.

Maten eg laga denne gongen heitte ”Energikjeks” som eg fann oppskrift på på nettet. Her er link, det var kjempegodt: http://www.vakrekaker.com/blog/2011/11/15/Energikjeks.aspx
Så tørka eg også eple (kjempegodt!), pære (ikkje så godt) og gulrøter og kålrot til å ha i maten eg skulle lage. Eple var det einaste som vart ete.

Tusen takk til Ragnhild Holden som tok så kule bilder!

Ein kjempefin tur! 

torsdag 26. januar 2012

Svartholten


Me møttes som vanleg utanfor nybygget kl 9. Så tok me buss innover Sogndalsdalen, inn til Gunvordalen. Der tok me på oss ski og alt utstyret, og begynte å gå oppover. Eg hadde på meg heilt nye fellar, så eg kunne nesten gå rett oppover utan å skli. Då vart eg veldig glad, for eg har ikkje berre gode skierfaringar. Så stoppa me rundt mattider for å eta. Dag laga ein kjempefin plass å sitta. Der åt me pølse og drakk kakao, nåke som var veldig godt! Så gjekk me vidare, og me nærma oss toppen- Svartholten. Med ein gang me nådde målet, var det av med fellar og på med briller. Så skulle me sigla ned att… Etter ca 10 meter låg dei fleste strødd utover bakkane md beina i veret, og det same gjorde eg. Resten av nedoverturen gjekk med på å detta ca kvar 3. meter. Da va litt slitsomt, men me klarte heldigvis å holda på humøret, slik at me kom oss ned til slutt. Me fekk og veldig god hjelp på Torgeir og Steinar som var dei vaksne med på turen. Sidan mi datt så mykje, kom me seint ned, og mista bussen, men alt gjekk fint, og me kom oss levande heim til slutt.

Oppoverturen gjekk bra! Ingenting å klaga på der. Eg må nok takka dei nye fellane mine. Me hadde og med veldig god mat, og eg hadde nok med klede for heile turen J

Nedoverturen gjekk mindre bra… Det hadde kanskje vore lettare på telemark eller Randonne-ski. 

Måla for denne turen var:
•       planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•       behandle og vedlikeholde redskap og utstyr slik at det til enhver tid er i orden
•       vurdere betydningen av hensiktsmessig bekledning for ulike typer friluftsliv
•       vise kjennskap til den naturen eleven ferdes i, og praktisere et friluftsliv der hensynet til naturen er overordnet
•       forklare de mest alminnelige varsler naturen gir oss
Ha da kjekt!
Me gjennomførte turen, tok vare på utstyret, eg kledde meg bra, og me tok bra hensyn til naturen. I tillegg lærte me korleis me skulle sjå på laga i snøen om det var rasfare, i og med at den generelle rasfaren på Vestlandet var ganske høg. Det må seiast at Torgeir valde ei HEILT TRYGG løype, så me var trygge. Og sjølvsagt hadde me da kjekt! (Sjølv om det var slitsomt på vegen ned att til tider)

Gruppa fungerte bra, me gjekk ikkje så samla som me har gjort før. Likevel hjalp me kvarandre når nødvendig, og tok hensyn til kvarandre.

Eg kunne hatt på meg andre ski til å sigla ned att med, men då hadde kanskje oppoverturen blitt tyngre.

Eg lærte å sjå etter i snøen kor stor rasfaren er i det området. Eg lærte også at det å sigle i laussnø ikkje er det enklaste som finst. Og god mat og ikkje minst godt humør er VELDIG viktig..! 

.. hadde dessverre ingen bilder denne gangen

lørdag 3. desember 2011

Tur til Nuken... med Berit

Vi møttest utanfor nyebygget kl 9. Så tok vi minibuss opp til Fretland og starta turen derifrå. Allereie hadde det begynt å hagle, men stemninga var likevel god. Så fortsatte turen opp til ein støl der vi tok første pause, og eg fekk i meg litt mat. No ville Berit tydlegvis vere med på tur, og ho var med på å gjere turen litt sur. Det var nærmast snøstorm, og det var vanskeleg å sjå, men vi fortsatte likevel opp mot Nuken. Veret var vekslande heile vegen, frå snøstorm til sol, men vi var alltid i godt humør. Når vi hadde kome eit lite stykke, ville vi ete. No vart det veldig kaldt sidan vi ikkje rørte på oss, men Maja, Ragnhild og eg fann oss ei hule i fjellveggen me kunne sitte i. Det hjalp egentleg ikkje så veldig mykje, sidan vinden kom frå alle kantar. Så måtte eg finne fram ketchup og pølsebrød, og då måtte eg ta av meg hanskane. Ketchupen ”eksploderte” pga trykk – på meg, og eg mista i tillegg heilt følelsen i fingrane. Vi fekk ete gode og varme pølser, men så fann vi ut at det var smart å begynne å gå. Torgeir hadde funne ut at det var best me snudde, for det var så dårleg sikt. Me støtte på litt problem på vegen ned att, sidan ikkje alle hadde hatt med seg gode nok klede for å verne seg mot Berit. Likevel takla me situasjonen bra, og stemninga i gruppa var framleis like god! Me måtte og stoppa for å leika litt leikar, lage snømenn og snøenglar. Veret var like dårleg på vegen nedatt, og me måtte sjå rett ned i stien for å ikkje blendast av snøen. Sidan me snudde, kom me ned litt før planlagd, og måtte vente ei lita stund på buss. Det var godt å kome heim etterpå…, men det var likevel ein veldig kjekk tur, tykte eg! 
















Det som gjekk bra (for min del) var val av klede. Eg hadde teke med akkurat nok til å ikkje fryse (unntatt då eg fraus på hendene). Eg hadde god mat denne gongen, noko eg lærde av førre gang.

Det som gjekk mindre bra var utfordringa me støtte på på vegen nedatt. Likevel tykte eg det kom mykje bra ut av situasjonen, så me lærde masse. Elles tykte eg egentleg at alt gjekk bra!
Måla for denne turen var:
•      Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•      Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
•      Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
•                                 Ha da kjekt!

Dei fleste hadde med gode nok klede, slik at det ikkje vart ei begrensing. Eg trur alle lærte kor viktig det var med gode nok klede, då ei i gruppa hadde på seg for kalde klede. Det kan diskuterast om vi gjennomførte turen. Sjølv om vi snudde, gjennomførte vi turen bra. Det var nok lurt at vi snudde. Me hadde det og veldig kjekt, tykkjer eg!

Gruppa fungerte veldig bra, det var god stemning heile vegen!
Det einaste eg kjem på eg kunne gjort anleis var å ha med meg noko varmt å drikka, så eg kunne varma med litt på fingrane mens me åt. Då kunne eg og sjølsagt hatt med meg betre vottar/hanskar. Elles tykte eg degt gjekk veldig fint.

Denne turen fekk me nye erfaringar. Me lærte kor fort veret kan skifte, og derfor kor viktig det er å ha med rett utstyr slik at det ikkje blir for kaldt/varmt. Det er også lurt å ha med ekstra skifte, både til deg sjølv og til andre. God mat er viktig for å ikkje slite seg heilt ut, og kanskje noko varmt å drikke, slik at ein får varme i kroppen. I tillegg lærte eg kor fort det blir kaldt når ein sit i ro, så då er det smart å ha med seg ekstra (hadde med boblejakke, men brukte den ikkje…) Så lærte eg også , at dersom ein har godt humør, så kan ein utfordrande tur bli veldig morsom, og ein god opplevelse! 















- Låner bilder av Maja, som var så snill å dele sine bilder med oss :)

onsdag 28. september 2011

Tur til Storavatnet


Denne gongen var vi på tur med idrettsklassen. Vi starta med eit lite oppmøte om måroen, og då fann vi ut at kunn 8 av 15 frå allmenn skulle vere med på turen. Derfor måtte me lage nye grupper, der 2 frå allmenn måtte vere på gruppe med 4 frå idrett. Så tok vi buss til Kaupanger, og starta å gå. Vi hadde blitt advart om at turen opp kunne bi tung i og med at det var 800 høgdemeter. Men turen var ikkje så tung som forventa, og vi kom oss opp på 3-4 timar, inkludert pausar. Då vi kom opp, måtte dei frå allmenn instruere idrett i å lage gapahuk, og idrett måtte instruere oss i å lage bål. Dette tok ca heile dagen, men vi fekk tid på kvelden til kos rundt bålet. Vi grilla og kosa oss, og leikte nåken leikar i mørket. Sidan Torgeir nettopp hadde fortalt ei historie om ein mann som dreiv å vandra i området, valde eg å ikkje vere med på desse leikane som føregjekk i mørket utan hovelykter. Dagen etter stor vi opp ganske tidleg, pakka ned og åt frukost. Deretter gjekk allmenn heim, men idrett fortsatte vidare, for å sove ute ei natt til.

Eg tykte turen gjekk ganske bra. Gapahuken fungerte bra, og vi vart ikkje blaute sjølv om det vart kaldt om natta. Maten var og god, og vi koste oss.

Det som var mindre bra var at eg hadde tatt med feil mat, og klarte derfor ikkje å ete så mykje frukost. Det var også veldig kaldt på føttene om natta, så eg sov ganske dårleg. På vegen ned att vart eg også dårleg, som øydela litt for meg. Då orka eg ikkje å delta i så mykje; blant anna førstehjelp og å finne vegen heim med hjelp av kart og kompass.
Måla for denne turen var:
•       Planlegge, gjennomføre og vurdere turer knyttet til lokal friluftslivstradisjon
•       Planlegge gjennomføre og vurdere tur med overnatting ved vatnmiljø.
•       Kle seg hensiktsmessig og lære utstyret å kjenne slik at dette ikkje vert nokon begrensing for turen.
•       Praktisere bestemmingar for friluftsliv og allmenn ferdsel i utmark og ta hensyn til naturen me ferdast i.
•       Lage mat på Bål
•       Overnatte i gapahuk
•       Lære førstehjelp i fjellet 




Sjølve turen gjekk veldig bra, og for min del hadde eg med akkurat nok klede, sjølv om det vart kaldt på føttene om natta. Å lage mat på bål var ikkje noko problem, sjølv om det tok litt tid før deigen på pølsa (pinnebrød) var gjennomsteikt. Gapahuken var heilt grei, sjølv om me blei liggande i ein liten nedoverbakke. Vi skulle jo instruere idrett i dette, men eg tykte dei var flinke å ta ansvar sjølve, så vi trengde eigentleg ikkje å instruere så masse. Førtehjelpskurs hadde vi også på vegen ned. Sjølv om eg ikkje deltok så veldig mykje på det, så lærte eg masse.

Gruppa fungerte bra, tykte eg. Det var nokre endringar i og med at vi var så få. Elles klarte vi å bygge ein gapahuk, og alle bidrog med å finne ved til bålet.

Denne gongen ville eg hatt med meg anna mat til frukost og som niste. Sidan eg ikkje fekk i meg så mykje niste første dagen på vegen opp, vart eg veldig sliten heilt på slutten av turen. Kanskje eg også ville vore meir kreativ med middagen? Vi hadde pølse, og idrett hadde laks med grønsaker ++ Pølse gjekk fint, og var enkelt å tilberede, men laksen såg også veldig god ut J

Denne turen lærte eg korleis vi skal lage gapahuk; kvar den bør plasserast, korleis vi skal få vegg, og korleis den skal stå i forhold til vind. Eg lærte førtehjelp, og korleis ein skal lage bål som skal vare lenge.

Denne turen var veldig kjekk, og sidan veret var betre var også humøret litt betre, og det var lettare å lage gapahuk. Idrettsklassen var kjempegrei å vere med!